Matematiske funksjonar

Dette avsnittet indeheld dei matematiske funktsjonane i Calc. For å opna Funksjonsvegvisaren, vel Set inn → Funksjon.

SAMANDRAG

Denne funksjonen returnerer eit samandrag (aggregate) av utrekningane i området. Du kan bruka ulike samandragsfunksjonar lista nedanfor. Samandragsfunksjonen gjev deg høve til å sløyfa gøymde rader, feil, DELSUM og andre funksjonsresultat i SAMANDRAG i utrekningane.

RÅSUBTRAKSJON

Subtraherer tal og gjev svaret utan å bry seg om små avrundingsfeil.

FARGE

Returnerer ein talverdi som er rekna ut på grunnlag av dei tre fargane (raud, grøn og blå) og alfakanalen i RGBA-systemet. Resultatet er avhengig av kva fargesystem som er brukt i datamaskinen.

SUMMER.VISS.SETT

Returnerer summen av celleverdiane i eit område som oppfyller fleire kriteria i fleire område.

ABS (ABS på engelsk)

Returnerer absoluttverdien av eit tal.

Syntaks

ABS(Tal)

Tal er det talet som den absolutte verdien skal reknast ut for. Den absolutte verdien for eit tal er verdien utan +/- framføre.

Eksempel

=ABS(-56) returnerer 56.

=ABS(12) returnerer 12.

=ABS(0) returnerer 0.

ACOS (ACOS på engelsk)

returnerer invers trigonometrisk cosinus til eit tal.

Syntaks

ACOS(Tal)

Denne funksjonen returnerer den inverse trigonometriske cosinus av Tal, det vil seia den vinkelen (i radianar) som har cosinus er Tal. Den returnerte vinkelen er mellom 0 og pi.

For å returnere vinkelen i grader, bruk GRADER-funksjonen.

Eksempel

=ACOS(-1) returnerer 3,14159265358979 (pi radianar).

=GRADER((ACOS(0,5)) returnerer 60. Cosinus av 60 grader er 0,5.

ACOSH (ACOSH på engelsk)

Returnerer invers hyperbolsk cosinus til eit tal.

Syntaks

ACOSH(Tal)

Denne funksjonen returnerer den inverse hyperbolske cosinus av Tal, det vil seia det talet som har den hyperbolske cosinus Tal.

Talet må vera større enn eller lik 1.

Eksempel

=ACOSH(1) returnerer 0.

=ACOSH(COSH(4)) returnerer 4.

ACOT (ACOT på engelsk)

Returnerer invers kotangens til eit gjeve tal.

Syntaks

ACOT(tal)

Denne funksjonen returnerer den inverse trigonometriske cotangens av Tal, det vil seia den vinkelen (i radianer) som har cotangens Tal. Den returnerte vinkelen er mellom 0 og pi.

For å returnere vinkelen i grader, bruk GRADER-funksjonen.

Eksempel

=ARCCOT(1) returnerer 0,785398163397448 (pi/4 radianer).

=GRADER(ARCCOT(1 )) returnerer 45. Tangens av 45 grader er 1.

ACOTH (ACOTH på engelsk)

Returnerer invers hyperbolsk kotangens til eit gjeve tal.

Syntaks

ACOTH(tal)

Denne funksjonen returnerer den inverse hyperbolske cotangens av Tal, det vil seia det talet som har hyperbolsk cotangens Tal.

Dersom Tal er mellom -1 og 1 resulterer dette i ein feil.

Eksempel

=ARCCOTH(1,1) returnerer den inverse hyperbolske cotangens av 1,1, som er tilnærma lik 1,52226.

ASIN (ASIN på engelsk)

Returnerer invers trigonometrisk sinus til eit tal.

Syntaks

ASIN(Tal)

Denne funksjonen returnerer den inverse trigonometriske sinus av Tal, det vil seia den vinkelen (i radianar) der sinus er Tal. Den returnerte vinkelen er mellom -pi/2 og +pi/2.

For å returnere vinkelen i grader, bruk GRADER-funksjonen.

Eksempel

=ASIN(0) returnerer 0.

ASIN(1) returnerer 1,5707963267949 (pi/2 radianer).

GRADER(ASIN(0,5)) returnerer 30. Sinus av 30 grader er 0,5.

ASINH (ASINH på engelsk)

Returnerer invers hyperbolsk sinus til eit tal.

Syntaks

ASINH(tal)

Denne funksjonen returnerer den inverse hyperbolske sinus av Tal, det vil seia det talet som den inverse hyperbolske sinus er Tal for.

Eksempel

=ASINH(-90) returnerer ca. -5,1929877.

=ASINH(SINH(4)) returnerer 4.

ATAN (ATAN på engelsk)

Returnerer invers trigonometrisk tangens av eit tal.

Syntaks

ATAN(Tal)

Denne funksjonen returnerer den inverse trigonometriske tangens av Tal, altså den vinkelen (i radianar) som har tangens Tal. Den returnerte vinkel er mellom -pi/2 og pi/2.

For å returnere vinkelen i grader, bruk GRADER-funksjonen.

Eksempel

=ATAN(1) returnerer 0,785398163397448 (PI/4 radianar).

=GRADER(ARCTAN(1)) returnerer 45. Tangens av 45 grader er 1.

ATAN2 (ATAN2 på engelsk)

Returnerer den inverse trigonometriske tangent for dei spesifiserte x- og y-koordinata.

Syntaks

ATAN2(TalX; TalY)

TalX er verdien av x-koordinaten.

TalY er verdien av y-koordinaten

ATAN2 returnerer den inverse trigonometriske tangens, det vil seia vinkelen (i radianar) mellom x-aksen og ei linje frå punktet TalX, TalY til origo. Den returnerte vinkelen er mellom -pi og pi.

For å returnere vinkelen i grader, bruk GRADER-funksjonen.

Eksempel

=ATAN2(20; 20) returnerer 0,785398163397448 (pi/4 radianar).

GRADER(ATAN2(12,3; 12,3)) returnerer 45. Tangens av 45 grader er 1.

ATANH (ATANH på engelsk)

Returnerer invers hyperbolsk tangens av eit tal.

Syntaks

ATANH(Tal)

Denne funksjonen returnerer den inverse hyperbolske tangens av Tal, det vil seia den verdien der den hyperbolske tangens er Tal.

Tal må oppfyll vilkåra -1 < Tal < 1.

Eksempel

=ATAN(0) returnerer 0.

AVKORT (TRUNC på engelsk)

Avkortar eit tal ved å fjerna desimalar.

Syntaks

AVKORT(Tal; Tal_på)

Returnerer Tal med høgst Tal_på desimalar. Ekstra desimalar vert fjerna utan omsyn til forteikn.

AVKORT(Tal; 0) fungerar som HEILTAL(tal) for positive tal, men rundar av mot null for negative tal.

Åtvaringsikon Talet på synlege desimalar i resultatet vert vist i LibreOffice Calc → Rekn ut.

Eksempel

=AVKORT(1,239; 2) returnerer 1,23. Talet 9 forsvinn.

=AVKORT(-1,234999; 3) returnerer -1,234. Alle nitala forsvinn.

AVRUND (ROUND på engelsk)

Rundar av eit tal til eit oppgjeve tal på desimalar.

Syntaks

AVRUND(Tal; Desimalar)

Returnerer Tal avrunda til Desimalar desimalar. Viss «Desimalar» vert sløyfa eller er null, vil funksjonen avrunda til det næraste heiltalet. Viss Desimalar er negativ, vil funksjonen avrunda til næraste 10, 100, 1000 osv.

Denne funksjonen runda av til det næraste talet. Sjå AVRUND.NED og AVRUND.OPP for alternativ.

Eksempel

=AVRUND(2,348;2) returnerer 2,35

=AVRUND(-32,4834; 3) returnerer -32,483. Byt celleformatet for å sjå alle desimalane.

=AVRUND(2,348;0) returnerer 2.

=AVRUND(2,5) returnerer 3.

=AVRUND(987,65;-2) returnerer 1000.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM (CEILING på engelsk)

Rundar eit tal opp til det næraste multiplum av signifikans (presisjon).

Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP(Tal; Signifikans; Tilstand)

Tal er det talet som skal rundast opp.

Signifikans er det talet som resultatet skal vera eit multiplum av.

Modus er ein valfri verdi. Viss modus har ein verdi ulik null og tal og signifikans er negative, vert talet avrunda basert på den absolutte verdien av talet. Dette gjer at negative tal vert avrunda bort frå null. Viss modus manglar eller er sett til null, vert negative tal avrunda mot null.

Åtvaringsikon Viss reknearket vert eksportert til Microsoft Excel, vert funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP eksportert til den tilsvarande AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.MATEMAISK-funktion som har vore brukt sidan Excel 2013. Viss du planlegg å bruka reknearket med tidlegare versjonar av Excel, må du bruka anten AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.PRESIS som har vore i bruk sidan Excel 2010 eller AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.EXCEL som vert eksportert som AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP som er kompatibel med alle versjonar av Excel. Merk at AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.OPP.EXCEL alltid rundar av bort frå null.

Eksempel

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM(-11; -2) returnerer -10.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM(-11; -2; 0) returnerer -10.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM(-11; -2; 1) returnerer -12.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED (FLOOR på engelsk)

Runder eit tal ned til næraste multiplum av Signifikans.

Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(Tal; Signifikans; Modus)

Tal er det talet som skal rundast ned.

Signifikans er verdien som multippelen av talet skal rundast ned til.

Modus er ein valfri verdi. Viss modus har ein verdi ulik null og tal og signifikans er negative, vert talet avrunda basert på den absolutte verdien av talet. Dette gjer at negative tal vert avrunda mot null. Viss modus manglar eller er sett til null, vert negative tal avrunda bort frå null.

Åtvaringsikon Viss reknearket vert eksportert til Microsoft Excel, vert funksjonen AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED eksportert til den tilsvarande AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.MATEMAISK-funktion som har vore brukt sidan Excel 2013. Viss du planlegg å bruka reknearket med tidlegare versjonar av Excel, må du bruka anten AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS som har vore i bruk sidan Excel 2010 eller AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL som vert eksportert som AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED som er kompatibel med alle versjonar av Excel.Merk at AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.EXCEL alltid avrundar mot null.

Eksempel

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(-11;-2) returnerer -12.

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED( -11;-2;0) returnerer -12

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED(-11;-2;1) returnerer -10.

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS

Avrundar eit tal ned til næraste multippel av signifikans, uavhengig av kva forteikn signifikans har.

Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS(tal; signifikans)

Tal er det talet som skal rundast ned.

Signifikans er verdien som multippelen av talet skal rundast ned til.

Eksempel

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.NED.PRESIS( -11;-2) returnerer -12

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.PRESIS

Rundar av eit tal opp til næraste multippel av signifikans, uavhengig av kva forteikn signifikans har.

Syntaks

AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.PRESIS (Tal; Signifikans)

Tal er det talet som skal rundast opp.

Signifikans: (Valfri). Verdien skal rundast opp til eit multiplum av dette talet.

Eksempel

=AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM.PRESIS(-11; -2) returnerer -10.

AVRUND.NED (ROUNDDOWN på engelsk)

Avrundar eit tal nedover mot null med ein bestemt presisjon.

Syntaks

AVRUND.NED(Tal; Desimalar)

Returnerer Tal avrunda ned (mot null) med Desimalar desimalar. Viss «Desimalar» ikkje er oppgjeve eller er null, vil funksjonen avrunda nedover til eit heiltal. Viss «Desimalar» er negativ, vil funksjonen runda av til neste 10, 100, 1000 osv.

Denne funksjonen avrunder mot null. Sjå AVRUND.OPP og AVRUND for andre alternativ.

Eksempel

=AVRUND.NED(1,234;2) returnerer 1,23.

=AVRUND.NED(45,67;0) returnerer 45.

=AVRUND.NED(-45,67) returnerer -45.

=AVRUND.NED(987,65;-2) returnerer 900.

AVRUND.OPP (ROUNDUP på engelsk)

Rundar eit tal opp, dvs. bort frå null, ut frå ein bestemt presisjon.

Syntaks

AVRUND.OPP(Tal; Desimalar)

Returnerer Tal runda opp (bort frå null) med Desimalar desimalar. Viss Desimalar vert sløyfa eller er null, vil funksjonen runda opp til eit heiltal. Viss Desimalar er negativ, vil funksjonen runda opp til neste 10, 100, 1000 osv.

Denne funksjonen rundar bort frå null. Sjå AVRUND.NED og AVRUND for alternativ.

Eksempel

=AVRUND.OPP(1,1111;2) returnerer 1,12.

=AVRUND.OPP(1,2345;1) returnerer 1,3.

=AVRUND.OPP(45,67;0) returnerer 46.

=AVRUND.OPP(-45,67) returnerer -46

=AVRUND.OPP(987,65;-2) returnerer 1000.

AVRUND.TIL.ODDETAL (ODD på engelsk)

Runder eit positivt tal opp til næraste heile oddetal og eit negativt tal ned til næraste heile oddetal.

Syntaks

AVRUND.TIL.ODDETAL(Tal)

Returnerer Tal runda opp til neste heile oddetal, bort frå null.

Eksempel

=AVRUND.TIL.ODDETAL(1,2) returnerer 3.

=AVRUND.TIL.ODDETAL(1) returnerer 1.

=AVRUND.TIL.ODDETAL(0) returnerer 1.

=AVRUND.TIL.ODDETAL(-3,1) returnerer -5.

AVRUND.TIL.PARTAL (EVEN på engelsk)

Runder eit positivt tal opp til næraste heile partal og eit negativt tal ned til næraste partal.

Syntaks

AVRUND.TIL.PARTAL(Tal)

Returnerer Tal runda opp til det næraste partalet, bort frå null.

Eksempel

=AVRUND.TIL.PARTAL(2,3) returnerer 4.

=AVRUND.TIL.PARTAL(2) returnerer 2.

=AVRUND.TIL.PARTAL(0) returnerer 0.

=AVRUND.TIL.PARTAL(-0,5) returnerer -2

COS (COS på engelsk)

Returnerer cosinus av den gjevne vinkelen (i radianar).

Syntaks

COS(Tal)

Returnerer (den trigonometriske) sinusen av Tal, vinkelen i radianar.

For å returnere sinusen av ein vinkel i grader kan du bruka funksjonen RADIANAR.

Eksempel

COS(PI()*2) returnerer 1, cosinus av 2 * PI radianar.

COS(RADIANAR(60)) returnerer 0,5, som er cosinus av 60 grader.

COSEKANT (CSC på engelsk)

Returnerer cosekansen av ein gjeven vinkel (i radianar). Cosekansen av ein vinkel er lik 1 dividert med sinus av vinkelen.

Syntaks

COSEKANT (tal)

Returnerer (den trigonometriske) sinusen av Tal, vinkelen i radianar.

For å returnera cosekanten av ein vinkel i grader kan du bruka funksjonen RADIANAR

Eksempel

=CSC(PI()/4) returnerer omlag 1,4142135624, som er den inverse av sinus av PI/4 radianar.

=COSEKANT(RADIANAR(30)) returnerer 2, som er cosekanten av 30 grader.

COSH (COSH på engelsk)

Returnerer hyperbolsk cosinus til eit tal.

Syntaks

COSH(tal)

Returnerer den hyperbolske cosinus av Tal.

Eksempel

COSH(0) returnerer 1, den hyperbolske cosinus av 0.

COT (COT på engelsk)

Returnerer cotangens til den gjevne vinkelen (i radianar).

Syntaks

COT(tal)

Returnerer (den trigonometriske) cotangens av Tal, vinkelen i radianar.

For å returnera cotangens av ein vinkel i grader, bruk RADIANAR-funksjonen.

Cotangens av ein vinkel svarar til 1 dividert med tangens til vinkelen.

Eksempel:

COT(PI()/4) returnerer 1, cotangens av pi/4 radianar.

=COT(RADIANAR(45)) returnerer 1, cotangens av 45 grader.

COTH (COTH på engelsk)

Returnerer invers hyperbolsk cotangens til eit gjeve tal (vinkel).

Syntaks

COTH(tal)

Returnerer den hyperbolske cotangens av Tal.

Eksempel

=COTH(1) returnerer den hyperbolske cotangens av 1, ca. 1,3130.

DELSUM (SUBTOTAL på engelsk)

Rekn ut delsummar. Dersom eit dataområde alt inneheld delsum(mar) vert ikkje desse brukte til vidare utrekningar. Om du bruker denne funksjonen saman med automatiserte filter vert berre dei filtrerte postane tekne med.

Syntaks

DELSUM(Funksjon; Område)

Funksjon er eit tal som står for ein av desse funksjonane:

Funksjonsindeks

(inkluderer gøymde verdiar)

Funksjonsindeks

(ignorer gøymde verdiar)

Funksjon

1

101

GJENNOMSNITT (AVERAGE på engelsk)

2

102

TAL.PÅ (COUNT på engelsk)

3

103

TAL.PÅA (COUNTA på engelsk)

4

104

MAKS (MAX på engelsk)

5

105

MIN

6

106

PRODUKT (PRODUCT på engelsk)

7

107

STDAV (STDEV på engelsk)

8

108

STDAVP (STDEVP på engelsk)

9

109

SUM

10

110

VARIANS (VAR på engelsk)

11

111

VARIANSP (VARP på engelsk)


Bruk tala 1 - 11 for å ta med manuelt gøymde rader eller 101 - 111 for å ikkje ta dei med. Celler som er filtrerte ut vert aldri rekna med.

Område er området med dei inkluderte cellene.

Eksempel

Du har ein tabell i celleområdet A1:B6 som inneheld ei materialliste for 10 studentar. Rad 2 (Penn) er gøymd manuelt. Du ønskjer å sjå summen av tala som er viste, altså delutrekninga for dei filtrerte radene. Bruk då formelen:

A

B

1

VARE

MENGD

2

Penn

10

3

Blyant

10

4

Notatbok

10

5

Viskeler

10

6

Blyantspissar

10


=DELSUM(9;B2:B5) returnerer 50.

=DELSUM((109;B2:B6) returnerer 40.

EKSP (EXP på engelsk)

Returnerer e opphøgd til eit tal. Verdien av e er tilnærma lik 2,71828182845904.

Syntaks

EKSP(Tal)

Tal er potensen som e skal opphøgast til.

Eksempel

=EKSP(1) returnerer 2,71828182845904, den matematiske konstanten e med Calcs presisjon.

EUROKONVERTER (EUROCONVERT på engelsk)

Gjer om eldre europeiske, nasjonale valutaer til og frå Euro.

Syntaks

EUROKONVERTER(Værdi; "Frå_valuta"; "Til_valuta", full_presisjon, triangulær_presisjon)

Verdi er valutasummen som skal omreknast.

Frå_valuta og til_valuta er dei valutaeiningane som skal konverterast frå eller til. Dei må vera tekst og som den offisielle forkortinga for den relevante valutaeininga (for eksempel "EUR") som vist i tabellen nedanfor. Kursane (vist per Euro) er definerte av Den europeiske kommisjonen.

Full_presisjon er valfri. Viss denne vert sløyfa eller er USANN, vil resultatet verta avrunda med like mange desimalar som i Til valuta. Viss Full_presisjon er SANN vil resultatet ikkje verta avrunda.

Triangulær_presisjon er valfritt. Viss triangulær_presisjon er gjeve og >=3, vert mellomresultatet for den triangulære konverteringa (valuta1, EUR, valuta2) avrunda til denne presisjonen. Viss triangulær_presisjon ikkje er gjeven, vert mellomresultatet ikkje avrunda. Viss Til-valuta er «EUR», så vert triangulær_presisjon brukt som om triangulering var nødvendig og konvertering frå EUR til EUR vart brukt.

Eksempel

=EUROKONVERTER(100;"NOK";"EUR") konverterer 100 norske kroner til Euro.

=EUROKONVERTER(100;"EUR";"NOK") konverterer 100 Euro til norske kroner.

FAKULTET (FACT på engelsk)

Returnerer fakulteten av eit tal.

Syntaks

FAKULTET(tal)

Returnerer Tal!, fakulteten av Tal, rekna som 1*2*3*4 ... * Tal.

DOBBELT.FAKULTET(0) returnerer per definisjon 1.

Fakulteten av eit negativt tal returnerer feilen "ugyldig argument".

Eksempel

=FAKULTET(3) returnerer 6.

=FAKULTET(0) returnerer 1.

GRADER (DEGREES på engelsk)

Gjer om radianar til grader.

Syntaks

GRADER(Tal)

Tal er vinklen i radianar som skal konverterast til grader.

Eksempel

=GRADER(PI()) returnerer 180 grader.

HEILTAL (INT på engelsk)

Rundar av eit tal ned til næraste heiltal.

Syntaks

HEILTAL(tal)

Returnerer Tal runda ned til næraste heiltal.

Negative tal vert runda ned til heiltalet under.

Eksempel

=HEILTAL(5,7) returnerer 5.

=HEILTAL(-1,3) returnerer -2.

HYPERBOLSK.COSEKANT (CSCH på engelsk)

Returnerer hyperbolsk cosekant til eit tal.

Syntaks

HYPERBOLSK.COSEKANT(Tal)

Returnerer den hyperbolske cosinus av Tal.

Eksempel

=CSCH(1) returnerer ca. 0.8509181282, den hyperbolske cosekans av 1.

HYPERBOLSK.SEKANT (SECH på engelsk)

Returnerer hyperbolsk sekans til eit tal.

Syntaks

SEKUND(Tal)

Returnerer den hyperbolske sekans av Tal.

Eksempel

=SECH(0) returnerer 1, den hyperbolske sekansen av 0.

ISO.AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM (ISO.CEILING på engelsk)

Rundar av eit tal opp til det næraste multiplumet av signifikans, uavhengig av kva forteikn signifikans har.

Syntaks

ISO.AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM(Tal; Signifikans)

Tal er det talet som skal rundast opp.

Signifikans: (Valfri). Verdien skal rundast opp til eit multiplum av dette talet.

Eksempel

=ISO.AVRUND.GJELDANDE.MULTIPLUM(-11; -2) returnerer -10.

KOMBINASJON (COMBIN på engelsk)

Returnerer talet på kombinasjonar av element utan gjentaking.

Syntaks

KOMBINASJON(Tal_1; Tal_2)

Tal1 er talet på element som skal veljast frå mengda.

Tal2 er talet på element som skal veljast frå mengda.

KOMBINASJON returnerer kor mange ordna måtar desse elementa kan veljast på. Viss det for eksempel er 3 element, A, B og C i ei mengd, kan du velja 2 element på 3 ulike måtar, nemleg AB, AC og BC.

KOMBINASJON implementerer formelen: Tal1!/(Tal2!*(Tal1-Tal2)!)

Eksempel

=KOMBINASJON(3;2) returnerer 3.

KOMBINASJONA (COMBINA på engelsk)

Returnerer talet på kombinasjonar for ei delmengd av element, også gjentakingar.

Syntaks

KOMBINASJONA(Tal1; Tal2)

Tal1 er talet på element som skal veljast frå mengda.

Tal2 er talet på element som skal veljast frå mengda.

KOMBINASJONA returnerer kor mange måtar det er råd å velja desse elementa på når rekkjefølgja ikkje betyr noko og når det same elementet kan brukast fleire gongar. Viss det for eksempel er tre element , A, B og C, i ei mengde, kan du velja to element på seks ulike måtar: AA, AB, AC, BB, BC og CC.

KOMBINASJONA implementerer formelen: (Tal1+Tal2-1)! / (Tal2! (Tal1-1)!)

Eksempel

=KOMBINASJONA(3;2) returnerer 6.

KONVERTER_OOO

Konverterer ein verdi frå ei måleeining til ei anna måleeining. Konverteringsfaktorane finst i ei liste i innstillingane.

Lista med konverteringsfaktorane inneheld også tidlegare europeiske valutaer og Euro (sjå eksemplet nedanfor). Vi føreslår at den nye funksjonen EUROKONVERTER vert brukt for å rekna om mellom desse valutaane.

Syntaks

KONVERTER_OOO(verdi;"tekst";"tekst")

Eksempel

=KONVERTER_OOO(100;"ATS";"EUR") returnerer verdien i Euro av 100 Austerikske schilling.

=KONVERTER_OOO(100;"EUR";"DEM") konverterer 100 Euro til D-mark.

KVOTIENT (QUOTIENT på engelsk)

Returnerer heiltalsresultatet av ein divisjon.

Syntaks

KVOTIENT(Teljar; Nemnar)

Returnerer heiltalsdelen av Teljar dividert med Nemnar.

KVOTIENT ekvivalent til HEILTAL(Teljar/Nemnar) bortsett frå at den kan melda feil med andre feilkodar.

Eksempel

=KVOTIENT(11; 3) returnerer 3. Resten på 2 vert ikkje tatt med.

KVROT (SQRT på engelsk)

Returnerer den positive kvadratrota av eit tal.

Syntaks

KVROT(tal)

Returnerer den positive kvadratrota av Tal.

Tal må vera positivt.

Eksempel

=KVROT(16) returnerer 4

=KVROT(-16) returnerer feilmeldinga ugyldig argument.

LN

Returnerer den naturlege logaritmen til eit tal basert på konstanten e. Verdien av e er tilnærma lik 2,71828182845904.

Syntaks

LN(Tal)

Tal er den verdien som den naturlege logaritmen skal reknast ut for.

Eksempel

=LN(3) returnerer den naturlege logaritme av 3 (ca. 1,0986).

=LN(EKSP(321)) returnerer 321.

LOG (LOG på engelsk)

Returnerer logaritmen av eit tal med eit oppgjeve grunntal.

Syntaks

LOG(Tal; Grunntal)

Tal er den verdien som logaritmen skal reknast ut for.

Grunntal er grunntalet for logaritmen. Vis dette er sløyfa, vert grunntalet 10 brukt.

Eksempel

=LOG(10; 3) returnerer tretalslogaritmen av 10 (ca. 2,0959).

=LOG(7^4;7) returnerer 4.

LOG10

Returnerer tiarlogaritmen til eit tal.

Syntaks

LOG10(Tal)

Returnerer titalslogaritmen av Tal.

Eksempel

=LOG10(5) returnerer titalslogaritmen av 5 (cirka 0,69897).

MFM (LCM på engelsk)

Returnerer minste felles multiplum til eitt eller fleire heiltal.

Syntaks

MFM(Heiltal1; Heiltal2; ...; Heiltal30)

Heiltal_1 til 30 er opp til 30 heiltal som det skal finnast minste felles multplum for.

Eksempel

Skriv du inn tala 512; 1024 og 2000 i tekstfelta heiltal 1; 2 og 3, vert resultatet 128000 returnert.

MFM_EXCEL2003

Returnerer minste felles multiplum for ei liste av tal.

Merknadsikon Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.

Syntaks

MFM_EXCEL2003(Tal)

Tal er ei liste med opp til 30 tal.

Eksempel

=MFM_EXCEL2003(5;15;25) returnerer 75.

MODUS (MODE på engelsk)

Returnerer resten ved divisjon av eit heiltal med eit anna heiltal.

Syntaks

REST(Dividend; Divisor)

For heiltalsargument vil denne funksjonen returnere Dividend modulo Divisor, det vil seia resten når Dividend er dividert med Divisor.

Denne funksjonen er implementert som Teljar - Nemnar * HEILTAL(Teljar/Nemnar) og denne formelen gjev resultatet dersom argumenta ikkje er heiltal.

Eksempel

=REST(22; 3) returnerer 1, resten når 22 vert dividert med 3.

=REST(11,25;2,5) returnerer 1,25.

MRUND (MROUND på engelsk)

Returnerer eit tal avrunda til det næraste multiplum av eit anna tal.

Syntaks

MRUND(Verdi; Multiplum)

Returnerer Verdi avrunda til næraste multiplum av Multiplum.

Ei alternativ implementering ville vore Multiplum * AVRUND(Verdi/Multiplum).

Eksempel

=MRUND(15,5; 3) returnerer 15, sidan 15,5 er nærare 15 (= 3*5) enn 18 (= 3*6).

=MRUND(1,4; 0,5) returnerer 1,5 (= 0,5*3).

MULTINOMINELL (MULTINOMINAL på engelsk)

Returnerer fakultetet av summen av argumenta delt på produktet av fakulteta av argumenta.

Syntaks

MULTINOMINELL(Tal)

Tal er ei liste med opp til 30 tal.

Eksempel

=MULTINOMINELL(F11:H11) returnerer 1260 viss F11 til H11 indeheld verdiane 2, 3 og 4. Dette svarar til formlen =(2+3+4)! / (2!*3!*4!)

OPPHØG (POWER på engelsk)

Returnerer eit tal opphøgd til eit anna tal.

Syntaks

OPPHØG(Grunntal; Eksponent)

Returnerer Grunntal opphøgd til eksponenten Eksponent.

Det same resultatet kan ein få ved å bruka eksponentoperatoren ^:

Grunntal^Eksponent

Eksempel

OPPHØG(4; 3) returnerer 64 som er 4 opphøgd i 3. potens.

4^3 returnerer også 4 opphøgd i 3. potens.

PI

Returnerer 3,14159265358979 som er verdien av den matematiske konstanten Pi med 14 desimalar.

Syntaks

PI()

Eksempel

=PI() returnerer 3,14159265358979.

PRODUKT (PRODUCT på engelsk)

Multipliserer alle tala gjevne som argument og returnerer produktet.

Syntaks

MODUS(Tal1; Tal2; …Tal30)

Tal_1 til 30 er opp til 30 argument som det skal reknast ut produktet for.

PRODUKT returnerer Tal1 * Tal2 * Tal3 * ...

Eksempel

=PRODUKT(2;3;4) returnerer 24.

RADIANAR (RADIANS på engelsk)

Gjer om grader til radianar.

Syntaks

RADIANAR(Tal)

Tal er vinklen i grader som skal konverterast til radianar.

Eksempel

=RADIANAR(90) returnerer 1,5707963267949, som er pi/2 med Calcs presisjon.

ROTPI (SQRTPI på engelsk)

Returnerer kvadratrota av (pi gongar eit tal).

Syntaks

ROTPI(Tal)

Returnerer den positive kvadratrota av (PI gongar Tal).

Dette er det same som KVROT(PI()*Tal).

Eksempel

=ROTPI(2) returnerer kvadratrota av (2pi), omlag 2,506628.

SEKANT (SEC på engelsk)

Returnerer sekanten av ein gjeven vinkel (i radianar). Sekanten av ein vinkel svarar til 1 dividert med cosinus til vinkelen.

Syntaks

SEKUND(Tal)

Returnerer (den trigonometriske) sekanten av Tal, vinkelen i radianar.

For å returnere sinusen av ein vinkel i grader, kan du bruka funksjonen RADIANAR.

Eksempel

=SEKANT(PI()/4) returnerer den tilnærma verdien 1.4142135624, som er inversen av cosinus av PI/4 radianar.

=SEKANT(RADIANAR(60)) returnerer 2, sekanten av 60 grader.

SFF (GCD på engelsk)

Returnerer den største felles faktoren (også kalla største felles divisor) til to eller fleire heiltal.

Samnemnaren er det største positive heiltalet som går opp i kvart av dei gjevne tala utan rest.

Syntaks

SFF(Heltal1; Heiltal2; ...; Heiltal30)

Heiltal_1 til 30 er opp til 30 heiltal som det skal finnast samnemnaren for.

Eksempel

=SFF(16;32;24) returnerer resultatet 8, fordi 8 er det største talet som går opp i 16, 24 og 32 utan å gje ein rest.

=SFF(B1:B3) der cellene B1, B2, B3 indeheld 9, 12, 9 vert 3.

SFF_EXCEL2003

Returnerer den største felles divisoren for ei liste av tal.

Merknadsikon Funksjonane som har eit namn som endar med _ADD eller _EXEL2003 returnerer det same resultatet som dei tilsvarande funksjonane i Microsoft Excel 2003 (utan denne endinga). Bruk dei same funksjonane utan endinga for å få resultat basert på internasjonal standard.

Syntaks

SFF_EXCEL2003(Tal)

Tal er ei liste med opp til 30 tal.

Eksempel

=SFF_EXCEL2003(5;15;25) returnerer 5.

SIN

Returnerer sinus av den gjevne vinkelen (i radianar).

Syntaks

SIN (tal)

Returnerer (den trigonometriske) sinusen av Tal, vinkelen i radianar.

For å returnere sinusen av ein vinkel i grader kan du bruka funksjonen RADIANAR.

Eksempel

=SIN(PI()/2) returnerer 1, sinus til pi/2 radianar.

=SIN(RADIANAR(30)) returnerer 0,5, sinus av 30 grader.

SIN

Returnerer hyperbolsk sinus til eit tal.

Syntaks

SINH(tal)

Returnerer den hyperbolske sinus av Tal.

Eksempel

=SINH(0) returnerer 0, den hyperbolske sinus av 0.

SIN

Returnerer forteiknet av eit tal. Returnerer 1 viss talet er positivt, -1 viss det er negativt og 0 viss det er null.

Syntaks

FORTEIKN(tal)

Tal er talet som forteiknet skal finnast for.

Eksempel

=FORTEIKN(3,4) returnerer 1

=FORTEIKN(-4,5) returnerer -1

SUM

Legg saman alle tala i eit celleområde.

Syntaks

MAKS(Tal1; Tal2; …Tal30)

Tal 1 til 30 er opp til 30 argument som skal leggjast saman.

Eksempel

Viss du skriv inn tala 2, 3 og 4 i tekstfelta Tal1, Tal2 og Tal3 vert resultatet 9 returnert.

=SUMMER(A1; A3; B5) reknar ut summen av dei tre cellene. =SUMMER(A1:E10) reknar ut summen av alle cellene i celleområdet A1 til E10.

Vilkår lenka saman med OG kan brukast med funksjonen SUMMER() slik:

Eksempel: Du har skrive inn fakturaer i ein tabell. Kolonne A inneheld datoverdien av fakturaen, kolonne B inneheld summen. Du ønskjer å finna eit skjema som du kan bruka for å rekna ut totalsummen for ein spesifikk månad, for eksempel summen av fakturaer i perioden >=2008-01-01 til <2008-02-01. Området med datoverdiane dekkjer A1:A40. Området som inneheld fakturasummar som skal oppsummerast er i B1:B40. C1 inneheld startdatoen 2008-01-01 der fakturaane skal vera tatt med og C2 datoen 2008-02-01 som ikkje lenger skal reknast med.

Skriv inn denne formelen som ein matriseformel:

=SUMMER((A1:A40>=C1)*(A1:A40<C2)*B1:B40)

For å skriva inn dette som ein matriseformel, må du trykkja «Shift + Enter» i staden for å berre å trykkja «Enter» for å lukke formelen. Formelen vil så verta vist i Formellinja omgjeve av klammeparentesar.

{=SUMMER((A1:A40>=C1)*(A1:A40<C2)*B1:B40)}

Formlen er basert på det faktum at resultatet av ei samanlikning er 1 viss kriteriet er oppfylt og 0 viss det ikkje er oppfylt. Det individuelle samanlikningsresultatet vert handtert som ei matrise og brukte i matrisemultiplikasjon. Til slutt vert dei einskilde verdiane lagt saman og viste i resultatmatrisen.

SUMMER.REKKJE (SERIESSUM på engelsk)

Summerer dei første elementa av ein serie med potensar.

SUMMER.REKKJE(X;N;m;Koeffisienter) = koeffisient_1*X^N + koeffisient_2*X^(N+m) + koeffisient_3*X^(N+2m) +...+ koeffisient_i*X^(N+(i-1)m)

Syntaks

SUMMER.REKKJE(X; N; M; Koeffisientar)

X er innverdien for potensrekka.

N er startpotensen

M er opphøginga av N

Koeffisientar er ei rad av koeffisientar. For kvar koeffisient vert summen i rada utvida med ein seksjon.

SUMMER.VISS (SUMIF på engelsk)

Legg til cellene som svarer til eit visst kriterium. Denne funksjonen kan brukast til å bla gjennom eit dataområde for å søkja etter ein spesifikk verdi.

Søket har støtte for regulære uttrykk. Du kan for eksempel skriva inn «all.*» for å finne den første førekomsten av «all» etterfylgd av kva teikn som helst. Viss du vil søkja etter ein tekst som også er eit uttrykk, må du skriva inn \ framføre kvart teikn i søkeordet. Du kan slå den automatiske evalueringa av uttrykk av og på i LibreOffice Calc → Rekn ut.

Syntaks

SUMMER.VISS(Område; Kriterium; SumOmråde)

Område er området som kriteriet skal brukast på.

Kriterium er den cella som kriteriet vert vist i eller kriteriet sjølv. Viss kriteriet skal skrivast inn i formelen, må det skrivast mellom hermeteikn (" ").

Sum_område er det området der verdiane vert summerte. Viss denne parameteren vert sløyfa, vil verdiane i Område verta lagt saman.

Merknadsikon SUMMER.VISS støttar berre referansesamantrekkingoperatøren (~) i Kriterium og berre viss den valfrie parameteren SummerOmråde ikkje er gjeven.

Eksempel

For å summera berre negative tal: =SUMMER.VISS(A1:A10;"<0")

=SUMMER.VISS(A1:A10;">0";B1:10) vil summera verdiar frå området B1:B10 berre viss verdiane i området A1:A10 er >0.

Sjå TEL.VISS() for fleire syntaksar som kan verta brukte i SUMMER.VISS().

SUMMERKVADRAT (SUMSQ på engelsk)

Viss du vil rekna ut summen av kvadrata av nokre tal (summera kvadrata av alle argumenta), skriv desse tala i tekstfeltet.

Syntaks

MAKS(Tal1; Tal2; …Tal30)

Tal_1 til 30 er opp til 30 argument som kvadratsummen skal reknast ut for.

Eksempel

Viss du skriv inn tala 2; 3 og 4 i tekstfelta Tal1;Tal2 og Tal3, vert 29 returnert som resultat.

TAN

Returnerer tangens av den gjevne vinkelen (i radianar).

Syntaks

TAN(tal)

Returnerer (den trigonometriske) tangens av Tal, vinkelen i radianar.

For å returnere tangens av ein vinkel i grader kan du bruka funksjonen RADIANAR.

Eksempel

=TAN(PI()/4) returnerer 1, tangens av pi/4 radianer.

=TAN(RADIANAR(45)) returnerer 1, tangens til 45 grader.

TAN

Returnerer hyperbolsk tangens til eit tal.

Syntaks

TANH(tal)

Returnerer den hyperbolske tangens av Tal.

Eksempel

=TANH(0) returnerer 0, den hyperbolske tangens av 0.

TILFELDIG (RAND på engelsk)

Returnerer eit tilfeldig tal mellom 0 og 1.

Syntaks

TILFELDIG()

Denne funksjonen lagar eit nytt, tilfeldig tal kvar gong Calc reknar ut på nytt. Du kan tvinga Calc til å rekna ut på nytt ved å trykkja på tasten F9.

For å laga tilfeldige tal som aldri vert rekna ut på nytt, kan du kopiera celler som inneheld =TILFELDIG() og bruka Rediger → Lim inn utval (med Set inn alt og Formlar ikkje merkte og Tal merkte).

Eksempel

=TILFELDIG() returnerer eit tilfeldig tal mellom 0 og 1.

TILFELDIGMELLOM (RANDBETWEEN på engelsk)

Returnerer eit tilfeldig heiltal i eit gjeve område.

Syntaks

TILFELDIGMELLOM (Botn; Topp)

Returnerer eit tilfeldig heiltal mellom heiltala Botn og Topp (begge inklusive).

Denne funksjonen lagar eit nytt tilfeldig tal kvar gong Calc reknar på nytt. For å manuelt tvinge Calc til å rekna ut på nytt, trykk på «Skift++F9».

For å lage tilfeldige tal som aldri vert rekna ut på nytt, kopier cellene som inneheld denne funksjonen, og bruk Rediger → Set inn Spesiell (med Set inn alt og ikkje Formlar merkte og Tal merkte).

Eksempel

=TILFELDIGMELLOM (20;30) returnerer eit heltal mellom 20 og 30.